Richard Holt
Hopp til navigering
Hopp til søk
Richard Holt | |
Fødd | 22. juni 1948 |
---|---|
Nasjonalitet | Storbritannia |
Yrke | sport historian |
Institusjonar | Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet |
Richard A Holt (fødd 22. juni 1948) er ein engelsk mellomalderhistorikar. Han er professor emeritus ved Institutt for historie og religionsvitskap ved UiT Noregs arktiske universitet.
Holt var fødd i Lowestoft England. Han tok mastergrad ved University of Birmingham i 1975 og doktorgrad same stad i 1987. Han var forskar ved Handsworth College i Birmingham fram til han i 1999 vart tilsett som førsteamanuensis i mellomalderhistorie i Tromsø, og vart i 2001 utnemnd til professor.[1] Holt har særleg forska på urbanisering og byoppkomst i mellomalderen i England og Noreg. Han har òg spesialisert seg på økonomisk og teknologisk utvikling i mellomalderen, især vind- og vassmølleteknologi.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ uit.no Årsrapport for Sv-fakultetet, 2004 Arkivert 18. juli 2011 på Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Richard Holt» frå Wikipedia på bokmål, den 2. april 2017.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Publikasjonar av Richard Holt i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin
- Publikasjonar av Richard Holt i BIBSYS