Rim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rim er eit litterært verkemiddel som består i ein lydmessig samklang mellom visse ord. Rim spelar ei stor rolle innan poesi. Dei vanlegaste formene for rim er fullrim, assonans og allitterasjon. Sjå òg metrikk.

Fullrim[endre | endre wikiteksten]

Fullrim eller heilrim er den typen ein vanlegvis forbind med dikt med rim og fast rytme. Eit fullrim inneber lydlikskap mellom to (eller fleire) ord frå og med vokal og etterfølgjande trykksvake stavingar. Ein har vanlegvis eittstavings-, tostavings- eller trestavingsrim; rim med fleire stavingar er svært sjelde. Eit døme på eit eitstavings-fullrim (òg kalla «mannleg rim») er katt og hatt, eit døme på tostavingsrime (eller «kvinneleg rim») er vaske og naske, og eit døme på trestavingsris er skumrande og slumrande.

Ord som rimar på papiret, men ikkje lydmessig, f. eks. «skipet» og «stripet», blir kalla papirrim.

«Samansette rim» er situasjonar der eit ord rimar på to eller fleire ord eller der to eller fleire ord rimar på to eller fleire ord, som til dømes «For å si det som sant er/Det var lite med kontanter» (trad) eller «Jeg har eid mange biler i mitt syndige liv/Med og uten aksept fra min yndige viv/Fra banken har jeg fått mange myndige skriv/...» (Øystein Sunde). Denne varianten av rim dukkar som regel opp når det dreier seg om rim med tre eller fleire stavingar.

Assonans[endre | endre wikiteksten]

Assonans eller halvrim liknar på fullrim, men er ikkje så gjennomført. Det kan vera vokalisk eller konsonantisk. Eit døme på vokalisk assonans er mor og sol og eit døme på konsonantisk er last og blest.

Allitterasjon[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg Allitterasjon

Allitterasjon (av latin ad, «til» og litera, «bokstav») eller bokstavrim er kjenneteikna av at visse trykksterke ord eller stavingar byrjar på lydar som kling saman på ein iøyrefallande måte. Konsonantisk allitterasjon består i at dei byrjar på same konsonant, eller i det minste på konsonantlyder som liknar kvarandre. Som vokalisk allitterasjon reknar ein vanlegvis trykksterke ord med ulik vokal for å rima. I norrøn dikting blir det brukt ei særleg form for allitterasjon som blir kalla stavrim.

Rimstilling[endre | endre wikiteksten]

Når rimorda er plasserte i slutten av verselinjene, snakkar ein om enderim. Midtrim er når eit ord midt i verselinja rimar med eit ord midt i ei anna linje. Ei verselinje kan òg ha innrim, ved at eit ord inne i verset rimar med utgangen av verset.

I strofer med enderim skil ein mellom fleire typar rimstilling, der følgjande typar er dei vanlegaste:

  • Parrim: aabb
  • Kryssrim: abab
  • Balladerim: 0a0a (0 – ikkje rim)
  • Kiastiske (omgjevande) rim: abba
  • Kjederim: aba bcb cdc
  • Sekvensrim, kombinert parrim: aab ccb
  • Fletterim: abcabc
  • Tiraderim: aaaa

Rimskjema er eit fast mønster for korleis rimstillinga er i ein strofe. Dersom heile diktet er skrive i eit fast versemål kan også talet på stavingar per vers vera fastsett, som i sonettar, terzinar og ottavar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]