Hopp til innhald

Rjukan Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rjukan IL)

Rjukan Idrettslag er eit idrettslag heiemhøyrande på Rjukan i Tinn kommune i Telemark. Idrettslaget vart stifta 8. februar 1911 og er aktivt i ei rad idrettar. Rjukan IL driv med alpin skiidrett, badminton, fotball, friidrett, handball, innebandy, ju jitsu, langrenn, skating, squash, symjing, tennis, vektløfting, volleyball. I tillegg driv idrettslaget med helsesport og idrettsskule.

Lagsfargane til Rjukan IL er blått og kvitt.

Rjukan Idrettslag arrangerte noregsmeisterskapen i alpine greiner i 1946 og 1961. I 1947 stod laget som arrangør av Skeise-NM for kvinner.

Skirennarane Einar Landvik og Otto Aasen høyrde til eliten i nordisk kombinert og skihopping i mellomkrigstida 1918-40. Etter 2. verdskrigen er Merete Fjeldavlie Rjukan IL sin best kjende utøvar, med ein verdscup-siger i alpin skiidrett og NM-gull. Også eldre ski-alpinistar som Karen-Sofie Styrmoe og Jon Terje Øverland vann NM-medaljar. Vektføftaren Atle Rønning sanka 15 NM-titlar i perioden 1982-2004.