Robin Hall
Robin Hall | |||
Fødd | 27. juni 1936 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Edinburgh | ||
Død | 18. november 1998 (62 år) | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar |
Robin Hall (27. juni 1936–18. november 1998)[1] var ein skotsk folkemusikksongar, best kjent som halvparten av ein songduo med Jimmie Macgregor.[2] Hall var ein direkte etterkomar av den berømte skotske folkehelten og lovlause Rob Roy MacGregor, og av utforskaren Mungo Park.[3]
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Hall var fødd i Edinburgh, men voks opp i Glasgow og fekk utdanning ved Allan Glen's School. Etter å ha studert ved Royal Scottish Academy of Music and Drama, blei han skodespelar ei kort stund.[1]
Han danna eit musikalsk partnerskap med Jimmie Macgregor i 1960, og dei opptredde mykje på BBC fjernsyn – på Tonight-programmet,[1] på White Heather Club,[4] og som vertskap for den innverknadsrike London Folk Song Cellar.[5] I denne perioden skapte det ein del kontrovers at Hall hadde på seg eit jakkemerke for Campaign for Nuclear Disarmament på TV.[6]
Både Hall og Macgregor spelte òg som del av Galliards i lag med Leon Rosselson og Shirley Bland på 1960-talet.[1]
Til saman spelte Hall og Macgregor inn over 20 album i løpet av partnerskapet sitt, som enda i 1981.[7][8] Ein av songane deira med mest suksess var fotballhymnet «Fotball Crazy»,[9] som kom ut på Decca Records i 1960.
Seinare laga Hall radioprogram for Radio Clyde.[1]
Hall blei funnen død av politiet den 18. november 1998 i huset sitt i Queen Margaret Drive i Glasgow, der han hadde budd åleine sidan slutten av det andre ekteskapet sitt.[10][11] Han verka å ha døydd nokre dagar tidlegare.[10]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Colin Larkin, red. (2002). The Virgin Encyclopedia of Fifties Music (3. utg.). Virgin Books. s. 182/3. ISBN 1-85227-937-0.
- ↑ "Robin Hall and Jimmie MacGregor MBE" Arkivert 11 December 2013 ved Wayback Machine., Scottish Traditional Music Hall of Fame.
- ↑ "Robin Hall & Jimmie Macgregor", The Balladeers.
- ↑ Tom Shields, "He’s set to celebrate his 80th birthday but Jimmie Macgregor is far from over the hill", The Herald, 8. mars 2010.
- ↑ Guida, Nick. «Robin Hall and Jimmie MacGregor». Arkivert frå originalen 19 November 2008. Henta 19 September 2007.
- ↑ Guida, Nick. «Robin Hall and Jimmie MacGregor». Arkivert frå originalen 19. november 2008. Henta 19 September 2007.
- ↑ Craig McQueen, "Folk legend Jimmie Macgregor: I'm still going strong at 80 with no plans to retire", Daily Record, 29 November 2010.
- ↑ «Robin Hall and Jimmie Macgregor». Henta 19 September 2007.
- ↑ «Robin Hall». All Celtic Music. Henta 13. oktober 2008.
- ↑ 10,0 10,1 Karl Dallas, "Obituaries: Robin Hall", The Independent, 23. november 1998.
- ↑ "Folk singer Robin Hall found dead in his home", Herald Scotland, 19. november 1998.
- Denne artikkelen bygger på «Robin Hall» frå Wikipedia på engelsk, den 21. desember 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Karl Dallas, "Obituaries: Robin Hall", The Independent, 23. november 1998.