Roche-grensa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Roche-grensa er den teoretiske minsteavstand som ein måne kan ha frå ein planet utan å bli riven sund av tidevasskrefter Grensa vart først gjeve i 1850 av den franske astronomen Édouard Roche (1820–83). For ein flytande måne med same tettleik som planeten, ligg grensa i ein avstand av 2,44 gonger radien til planeten. Ringane til Saturn ligg innafor grensa. Derfor er det rimeleg å tru at ringane er danna av ein eller fleire oppløyste månar, eller av materie frå danninga av systemet som ikkje har kunne kondensert seg. Roche-grensa opptrer på liknande måte i dobbeltstjernesystem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]