Rollsbotnskorkja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rollsbotnskorkja
fjell
Rollsbotnskorkja.jpg
Rollsbotnskorkja t.v. sett frå Ørastolen i søraust. Litleskorkja til høgre for denne.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Stordal, Vestnes (Møre og Romsdal)
Fjellkjede Halvøya mellom Romsdalsfjorden
og Storfjorden
Høgd 1 333 moh.
Primærfaktor 315 m

Rollsbotnskorkja eller Rollsbotnskorka, er eit fjell i Møre og Romsdal. Det ligg mellom Tresfjorden i Vestnes kommune i nord, Jasvollbotnen i Stordal kommune i sør, og hovuddalføret Stordalen (også Stordal kommune) i aust. Enklaste rutene til toppen går opp frå Jasvollbotnen, men det er kortare å gå opp frå nordsida. Dit kjem ein enten ein startar frå Øvstedalen i Tresfjorden eller frå Øverøye i Stordalen. Eit bratt parti ved toppen kan vere utsett. Frå nord og vest ser Rollsbotnskorkja spiss og bratt ut, frå søraust får fjellet ei meir runda form. Om fjellnamnet; sjå Heimste Skorkja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]