Heimste Skorkja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heimste Skorkja
fjell
Heimste Skorkja zooma inn frå Vaksvikfjellet i nordvest, 6 km i luftline frå toppen. Toppen lengst til venstre er ein del av Sandegga og er om lag 1290 m høg med ein primærfaktor på litt over 50 m.
Land  Noreg
Område Fjord, Ålesund (Møre og Romsdal)
Fjellkjede Halvøya mellom
Romsdalsfjorden
og Storfjorden
Høgd 1 323 moh.
Primærfaktor om lag 170 m
Kart
Heimste Skorkja
62°24′50″N 7°03′38″E / 62.41381°N 7.06056°E / 62.41381; 7.06056

Heimste Skorkja (1323 moh.) er eit fjell som ligg på grensa mellom kommunane Fjord og Ålesund i Møre og Romsdal. Namnet vert brukt i Ørskog, der fjellet er synleg oppe i dalen ved Vaksvika. I Stordal heiter fjellet Sandegga og er synleg frå sentrumsområdet ved fjorden. Snaraste tilkomsten går frå bygda Dyrkorn i Stordal, som ligg vest for fjellet. Andre stader er vegen lengre, men lett å gå.

Uttrykket «skorkja» som del av namn på smale og spisse fjell er i bruk i eit avgrensa område som omfattar bygdene Vaksvika i Ørskog og Tresfjord i Vestnes. Det kjem frå den tida husdyr stod på svelteforing i fjøset gjennom vinteren. Det smale partiet frå nakken og eit stykke bakover ryggen på eit magert dyr vart kalla skorkja. Nordryggen på Heimste Skorkja er lang og smal og kan minne om noko sånt.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.