Hopp til innhald

Rombaken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rombaken
fjord
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Narvik
Kart
Rombaken
68°27′34″N 17°35′20″E / 68.4595°N 17.5888°E / 68.4595; 17.5888
Wikimedia Commons: Rombaken

Rombaken (nordsamisk Ruoppák) er ein fjordarm på sørsida av Herjangsfjorden og Ofotfjorden i Narvik kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 22 km austover til enden av Rombaksbotn.

Fjorden har innløp mellom Øyjordneset i nord og Karistranda like aust for byen Narvik i sør. Grenda Øyjorda ligg like ved Øyjordneset. Lenger inne i fjorden ligg grendene Trældal og Fagerjorda på kvar si side. Ved sundet Straumen kryssar E6 fjorden via Rombaksbrua. E6 går på begge sider av den ytre delen av fjorden. Innover frå Straumen skiftar fjorden namn til Rombaksbotn.

Ofotbanen går langs heile sørsida av fjorden.