Ron Clarke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ron Clarke
BillyMills Crossing Finish Line 1964Olympics.jpg
Fødd 21. februar 1937
Melbourne
Død

17. juni 2015
Gold Coast i Queensland

Yrke langdistanseløpar, politikar, friidrettsutøvar
Ron Clarke på Commons

Ronald William Clarke (fødd 21. februar 1937 i Melbourne, død 17. juni 2015) var ein australsk friidrettsmann og eit av tidenes største idrettsnamn innan mellom- og langdistanseløp. Han sette heile 17 verdsrekordar i løpet av karrieren sin.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1956 var det Ron Clarke som tende den olympiske elden under dei olympiske leikane i Melbourne, men han var ikkje god nok til å koma med på OL-laget det året.

Ron Clarkes einaste OL-medalje kom frå sommar-OL 1964 i Tokyo, der han tok bronse på 10 000 meter. Han deltok også i 5000 meter og maraton, men kom på niande plass i begge øvingane. 1965 vart eit toppår for Clarke der han sette 12 verdsrekordar, 9 av dei i løpet av 21 dagar. Ein av desse rekordane sette han i dei aller fyrste Bislett Games, der han sprang 10 000 meter på 27,39.4. [1] Han forbetra med det sin eigen rekord med 34,8 sekund og blei samtidig den fyrste i verda til å springa 10 000 meter på under 28 minutt.

I 1968 deltok Ron Clarke i sommar-OL 1968 i Mexico by, men dei store prestasjonane hans var fråverande der. Den tynne lufta gjorde at han fekk pustevanskar under 10 000 meter; han kom seg over målstreken til ein sjetteplass, men kollapsa og fekk skadar på hjartet. På 5000 meter, nokre dagar etterpå, enda han på femteplass.

Clarke har også vore politikar etter idrettskarieren tok slutt. Han har m.a. vore ordførar i Gold Coast i Queensland.

Ron Clarke vart tildelt Bislett-medaljen i 1968.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]