Rondo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rondo og det franske tilsvarande rondeau, er eit ord nytta i musikk på fleire måtar, som oftast om ei musikkform, men òg om ein karaktertype som ein finn i denne forma. Forma starta i barokken som ritornello, frå det italienske ordet ritornare som tyder «å vende attende» - som indikerer at ein vender attende til det originale temaet («A»). Eit typisk barokk ritornellomønster er ABACABA.

I ein rondo vekslar hovudtemaet (stundom kalla «refrenget») med ein eller fleire kontrasterande tema, generelt kalla «episodar» eller «mellomparti». Mogelege mønster i den klassiske perioden var ABA, ABACA eller ABACADA. Kor mange tema ein har kan variere frå stykke til stykke.

Forma vart vanleg i løpet av klassisismen, men finst òg i tidlegare verk. I klassisismen og romantikken vart han ofte nytta som den siste satsen i ein sonate, symfoni, solokonsert eller eit stykke i kammermusikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]