Ronja Espejord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ronja Espejord
Statsborgarskap Noreg
Død

13. juli 2008

Ronja Espejord (d. 13. juli 2008) var ein norsk ryttar frå Sandnes som døydde under trening, 18 år gammal.

Espejord vann gull i lag-NM for ponniar i 2004 og 2005. Ho var òg på landslaget som ryttar (ponniryttar).

Ho hadde vore tre veker på treningsleir i Skanderborg i Danmark då hesten ho reid på fekk bommane mellom frambeina, ramla framover, tok salto og landa på Ronja. Ho døydde på staden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • VG, 15. juli 2008 s. 4