Roosevelt Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 79°25′S 162°0′W
Roosevelt Island
øy
none  Satellittbilete av Roosevelt Island
Satellittbilete av Roosevelt Island
Land Flag of New Zealand.svg Ross Dependency
Stad Antarktis
 - koordinatar 79°25′S 162°0′W
Høgaste punkt
 - høgd 550 moh
Lengd 130 km
Areal 7 500 km²
Folketal Ikkje kjend
Administrert under Antarktistraktaten
Roosevelt Island is located in Antarktis
Roosevelt Island (Antarktis)

Roosevelt Island er ei isdekt øy som ligg i austlege delen av Ross isbrem i Antarktis. Den sentrale ryggen på øya stig til opp mot 550 moh, men heile øya er fullstendig dekt av is, så ho er meir eller mindre usynleg frå bakkenivå. Øya er kring 130 km lang frå norvest til søraust, 65 km brei og med eit areal på 7 500 km².

At øya finst og kor stor ho er vart oppdaga av korleis isen flyt over ho.[1] Ho vart namngjeven av kontreadmiral Richard E. Byrd i 1934 etter Franklin D. Roosevelt, dåverande president av USA. Byrd var leiaren for ekspedisjonen som oppdaga øya.[2]

Roosevelt Island ligg innanfor grensa til Ross Dependency, som er kravområdet til New Zealand i Antarktis.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Michon Scott (23 April 2007). «Something under the ice is moving». NASA's Earth Observatory. http://earthobservatory.nasa.gov/Features/IceMoving/. Henta 30. oktober 2012. 
  2. Peter Rejcek (3 September 2010), «Roosevelt Island: U.S., Kiwi scientists team up to look at stability of isbrem», Antarktis Sun, http://antarcticsun.usap.gov/science/contenthandler.cfm?id=2254, henta 30. oktober 2012