Rorsrom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rorsrom, eller berre rom, er, i samband med norske trebåtar eit rom med keipar der det sit ein rorskar. Talet på rom er difor likt med talet på årepar. Ein færing har to årepar og er difor ein «toromsbåt», ein seksring har tre årepar og er ein «treromsbåt», osb. Fram- og bakskotten blir ikkje rekna med i denne terminologien[1].

Mange stader vert omgrepet røde brukt om rorsrom.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. A.R. Hole, Båter og kystfolk, Aschehoug, 2007.