Rosenkrans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rosenkrans

Ein rosenkrans er eit perlekjede som fungerer som teljekjede for rosenkransbøna. Rosenkransbøna er ei av dei viktigaste tradisjonelle romersk-katolske bønnene, men bruken av bøna har, likt annan tradisjonele praksis, vorten mindre etter andre vatikankonsil. Ho fekk likevel eit monaleg oppsving under pave Johannes Paul II, som utropte året mellom oktober 2002 og oktober 2003 til Rosenkransens år, og som la til fem nye mysterium i det apostoliske brevet Rosarium Virginis Mariae.

Kransen har fem gongar ti perler (kvar gruppe vert kalla ein dekade) og ei perle mellom kvar dekade i sjølve kransen, og vidare fem perler (1 + 3 + 1) som heng ned frå kransen. Strengen som heng ned er normalt festet i ein medaljong, gjerne med eit bilete av Jomfru Maria. Nedst heng eit krusifiks.

Rosenkransbøna[endre | endre wikiteksten]

Rosenkransbøna er samansett av av:

I tillegg er det vanleg at ein mediterer over mysterium knytt til Jomfru Marias og Jesu liv henta frå Det nye testamentet. Det finst tre tradisjonelle sett á fem mysterium, og i tillegg «Lysets mysterium» som Johannes Paul II innførte. Dei forskjellige setta vert brukte på forskjellige dagar. Tradisjonelt sett skulle ein meditere over «Dei gledesrike mysteria» på måndagar og torsdagar, «Dei lidingsfulle mysteria» på tysdagar og fredagar, «Dei Herlegdomfulle» på onsdagar, laurdagar og søndagar, men etter at «Lysets mysterium» trådde i kraft i 2002, vert det meditert over desse torsdagar, og på laurdagar vert det meditert over «Dei gledesrike» i staden for «Dei herlegdomsfulle».

Kvart mysterium har sine egne delar av evangelia (sjå nedanfor), og kvart mysterium skal mediterast over éin dekade (ti små perler). Opphavleg var dette ei tidseining, for at ein skulle bruke lang nok tid på å meditere. I meditasjonen skal ein reflektere over desse mysteria og korleis dei kan rettleie gjennom livets gleder, freistingar og sorger.

Dei glederike mysteria[endre | endre wikiteksten]

  • At Maria avla ved Den heilage ande (Lukas 1:26-28)[1]
  • At Maria vitja Elisabet (Lukas 1:39:45) [2]
  • At Kristus vart fødd (Lukas 2:1-20)[3]
  • At Jesus vart presentert i tempelet (Lukas 2:22-38)[4]
  • At Kristus vart attfunnen i tempelet (Lukas 2:41-52) [5]

Dei lidingsfulle mysteria[endre | endre wikiteksten]

  • Kristi dødsangst i Getsemane (Matteus 26:36-46)[6]
  • Kristus vert hudstroken (Markus 15:1-16) [7]
  • Kristus vert tornekrona (27:27-31) [8]
  • Kristus ber krossen (Markus 15:20-22) [9]
  • Kristus vert krossfest (Lukas 23:33-46) [10]

Dei herlegdomsfulle mysteria[endre | endre wikiteksten]

  • Kristus står opp frå dei døde (Matteus 28:1-10) [11]
  • Kristus fer opp til Himmelen (Lukas 24:44-53) [12]
  • Kristus sender Den heilage ande (Johannes 14:15-21) [13]
  • Maria himmelfart [14]
  • Maria kroning som Himmeldronninga [15]

Lysets mysterium[endre | endre wikiteksten]

  • Kristus vert døypt i Jordan[16]
  • Kristus gjer vatn til vin[17]
  • Kristus forkynner Guds rike
  • Jesu forklåring på Tabor (Luk 9,35) [18]
  • Innstiftinga av nattverden[19]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rosenkrans