Rosenstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skisse av ulike slipeformer med rosenstein som nummer 3.

Rosenstein, rosett eller rose er ei slipeform for edelsteinar med flat basis og to rader trekanta fasettar på den kvelva overdelen, anten 18+6 fasettar for «full hollandsk rose» eller 12+6 for «halv hollandsk rose». Òg andre typar er kjent. Rosenslip vart først brukt av nederlandske sliparar, og var frå ca. 1500 til ca. 1850 den vanlegaste slipeforma for diamantar og klåre edelsteinar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Rosensten. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.