Rossokha
Utsjånad
| Rossokha | |||
| elv | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 27 300 km² | ||
| Lengd | 790 km | ||
| Munning | Alazeja | ||
![]() Rossokha 69°30′38″N 155°03′09″E / 69.5105°N 155.05237°E | |||
| Wikimedia Commons: Rassokha River (Alazeya tributary) | |||
Rossokha (russisk Россоха) er ei elv i Sakha i Russland og ei av sideelvane til Alazeja frå venstre. Elva er 790 km lang og har eit nedslagsfelt på 27 300 km².
Ho renn over Kolymalåglandet. Dei største sideelvane hennar er Arga-Jurjah (333 km) frå venst re og Ilin-Jurjah (337 km) frå høgre. Det er meir enn 7400 innsjøar med eit samla areal på 3240 km² i tilsigsområdet til Rossokha. Elva frys til i byrjinga av oktober og er isdekt til starten av juni.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Россоха (река)» frå Wikipedia på russisk, den 3. november 2008.
