Rotasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kule roterer rundt sin eigen akse.

Rotasjon eller dreierørsle syner særskilt til rørsla til ein stiv lekam rundt eit punkt eller ein akse. I matematikken blir rotasjon definert som ei rørsle der alle faste punkt i ein fast lekamar blir verande i ein fast avstand frå eit visst punkt. Dersom aksen eller punktet eit objekt roterer rundt er inne i objektet, seier ein at det roterer om seg sjølv eller at det spinn.

Døme på gjenstandar som er utforma til å rotere er hjul, propell, svinghjul og rotor. Eit objekt kan rotera i høve til andre objekt ved hjelp av ein eller fleire hengsler, til dømes dører og sakser.

Rotasjonen vert målt som ein vinkelfrekvens, med eining radianar per sekund [rad/s], men andre einingar er òg i bruk:

  • Omdreiingar per sekund [o/s].
  • Omdreiingar per minutt [o/min]. Denne eininga er vanleg for motorar og andre maskinar.
    Spire Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.