Routemaster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein Routemaster i Piccadilly Circus.
Routemaster i profil

AEC Routemaster er ein type dobbeldekkarbuss som blei bygd av Associated Equipment Company (AEC) i 1954 (i produksjon frå 1958) og produsert fram til 1968.[1] Bussane var primært bygd med frontmontert motor og open plattform bak som inngang. I tillegg var det enkelte variantar med dører og/eller inngang framme. Bussane blei sett inn av London Transport i 1956, og routemaster var i kontinuerleg teneste i London fram til 2005. Nå er bussane i bruk på to historiske bussruter sentralt i London.

Routemaster blei utvikla av AEC i samarbeid med London Transport, kunden til nesten alle nye routemasterar. Eit mindre tal blei levert til British European Airways og Northern General Transport Company. Bussane blei leverte i tradisjonelle raude og grøne farger. Til saman blei det bygd 2876 routemasterar [1] og omtrent 1000 av dei eksisterer enda.

Med den revolusjonerande formgivinga si overlevde routemaster fleire av arvtakarane sine i London. I tillegg overlevde dei privatiseringa av busselskapa i London og dei blei bruka av andre busselskap rundt i Storbritannia. I moderne busstransport i Storbritannia har eigenskapane til denne busstypen blitt både kritisert og lovprisa. Det opne inngangspartiet gjorde det mogleg å gå av og på bussen utanom busshaldeplassane og det at det var konduktør om bord gjorde på- og avstiging både raskt og sikkert. Ulempa med konduktør er naturleg nok mykje større utgift til arbeidskraft pr. buss.

Den tradisjonelle raude routemasteren har blitt eit av dei berømte ikona ein forbinder med London. Mange turistsuvenirar har bussane som tema og mange bussar eksisterer rundt omkring i verda. Uansett berømmelse blir ofte den tidlegare busstypen i London som routemasteren erstatta (AEC Regent III RT og Leyland Titan) blanda med denne både av vanlege folk og media.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Routemaster.org FAQ, arkivert frå originalen 1. oktober 2009, henta 20. oktober 2009 
  2. BBC - h2g2 - The Routemaster Bus - Big, Red and Shiny

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]