Rovereto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn over Rovereto

Rovereto er ein by og ein kommune i provinsen Trento i den autonome regionen Trentino-Alto Adige i Italia. Kommunen har 38 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 50,9 km². Byen ligg ved elva Adige, 204 meter over havet i dalen Vallagarina.

Rovereto var tidlegare ein viktig produsent av silke. I dag er produksjon av vin, gummi, sjokolade, briller og kaffi viktigast for økonomien.

Fram til 1797 var Rovereto ein sjølvstendig bystat. Etter napoleonskrigane og fram til 1919 låg byen under Austerrike. Sidan 1919 er byen ein del av Italia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]