Royal Air Force
Utsjånad
| Royal Air Force | |||
| | |||
| | |||
| Skipa | 1. april 1918 | ||
|---|---|---|---|
| Land | Storbritannia | ||
| Tenester | De Havilland DH 114 Heron | ||
| Nettstad | https://www.raf.mod.uk/ (britisk-engelsk) | ||
Royal Air Force (det kongelege britiske luftforsvaret, RAF) er flyvåpenet til Storbritannia. RAF er det eldste sjølvstendige flyvåpenet i verda, det vart skipa 1. april 1918 ved at Royal Flying Corps og Royal Naval Air Service vart slegne saman.
Etter verdskrigen vart RAF mykje redusert i storleik, men bygd opp att og fornya i åra før andre verdskrigen. Her spela RAF ein viktig rolle, ikkje minst i slaget om Storbrittania.
Gjennom den kalde krigen tok RAF del i forsvaret av Europa mot ein invasjon frå Sovjetunionen. I denne tida hadde RAF kapasitet til å bruke atomvåpen.
I dei siste åra har RAF delteke i fleire krigar og fredsbevarande aksjonar ulike stader i verda, til dømes Kosovo, Afghanistan og Irak.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne militærartikkelen som har med Storbritannia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |