Rubeus Gygrid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rubeus Gygrid, (på engelsk Rubeus Hagrid) (f. 6. desember 1928) er ein litterær figur, ein trollmann som bur i utkanten av den forbodne skogen ved trollmannsskulen Galtvort i bøkene om Harry Potter. Han er dobbelt så lang som andre menn.

Hagrid var son til ho-kjempa Fridwulfa og ein trollmann. Han vart oppfostra av faren, men er altså halvt kjempe. Kjemper er kjende for å vera svært brutale, i tillegg til at dei tidlegare var allierte med Voldemort, så familiebakgrunnen prøver Gygrid så godt han kan å skjula.

Han vart utvist frå Galtvort etter å ha vorte skulda for å ha opna Mysteriekammeret trass i at det eigentleg var Tom Venster som gjorde det. Rektor Albus Humlesnurr, som visste at han ikkje hadde gjort det, ordna det slik at Gygrid fekk bli på skulen som skogvaktar, nøkkelvakt og eigedomsforvaltar. Men Gygrid fekk aldri fullført utdanninga si, og har difor ikkje lov til å bruka trolldom.

Når Harry Potter og venene hans kjem til Galtvort, vert Gygrid snart ein god ven og viktig støttespelar for dei.

I Harry Potter-filmane vert Gygrid spelt av Robbie Coltrane.

Gygrid på andre språk er;

  • Rubeus Gygrid
    • Engelsk: Rubeus Hagrid
    • Bulgaria: Рубеус Хагрид (Rubeus Hagrid)
    • Kinesisk (PRC): 魯伯.海格
    • Kinesisk (Taiwansk): 海格
    • Dansk: Rubeus Hagrid
    • Nederlandsk: Rubeus Hagrid
    • Fransk: Rubeus Hagrid
    • Tysk: Rubeus Hagrid
    • Gammelgresk: Ἁγριώδης
    • Moderne gresk: Ρούμπεους Χάγκριντ"
    • Italiensk: Rubeus Hagrid
    • Japansk: Rubeus Hagrid (Rubius Haguriddo, ルビウス・ハグリッド)
    • Latin: Rubeus Hagrid (gen. Rubei Hagridi)
    • Latvisk: Rubeuss Hagrids
    • Polsk: Rubeus Hagrid
    • Portugisisk(Brasil): Rúbeo Hagrid
    • Russisk: Рубеус Хагрид (Rubeus Khagrid)
    • Slovakisk: Rubeus Hagrid
    • Thai: รูเบอัส แฮกริด
    • Walisisk: Rubeus Hagrid

Kjæledyr[endre | endre wikiteksten]

Gygrid er svært glad i magiske vesen, spesielt farlege.

Hogg[endre | endre wikiteksten]

Hogg er ein villsvinshund som dukkar opp i den fyrste boka. Når Gygrid, Harry, Hermine, Nilus og Draco er i den forbodne skogen, avslører Gygrid at Hogg er ein feiging.

Andre[endre | endre wikiteksten]