Rune Lange

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rune Lange (fødd 24. juni 1977) er ein norsk fotballspelar. Han er ein storvokst spiss, som spelar for Hartlepool i engelsk League One. Lange har spelt éin A-landskamp for Noreg.

Lange byrja karrieren i Tromsdalen. I 1997 vart han signert av Tromsø, der han raskt etablerte seg på førstelaget. I 1999 vart han toppskårar i Eliteserien, med 23 mål – og han er til dags dato den siste spelaren som har skåra over 20 mål på ein sesong i den norske toppserien.

Rosenborg var ved fleire høve interessert i å kjøpe Lange, men Lange gjorde det klart at han heller ville til utlandet. Hausten 1999 var han aktuell for den engelske klubben Coventry, men overgangen stranda. Sumaren 2000 vart Lange kjøpt av tyrkiske Trabzonspor.

Tida i Trabzonspor vart kort. Lange sleit med å tilpasse seg livet i Tyrkia, og da løninga let vente på seg, braut Lange kontrakten med Trabzonspor i januar 2001, og signerte for Club Brugge, som då hadde Trond Sollied som trenar. I den belgiske klubben har Lange skåra mange mål, men også vore plaga av skader. I 2006 gjekk han til Vålerenga, men tida her blei òg prega av lite speletid og mykje skader[1]. Etter kvart blei han leigd ut til Tromsø Idrettslag, før kontrakten blei avslutta før tida i januar 2009. Etter det fekk han kontrakt med Hartlepool.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]