Rykodisc

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rykodisc Records er eit amerikansk plateselskap. Det er eigd av Warner Music Group, opererer som ei eining under WMG sitt Independent Label Group og vert distribuert via Alternative Distribution Alliance.

Platselskapet hevda å vere det første sjølvstendige selskapet i USA som berre gav ut plater på CD, og vart stifta i 1983. Seint i 1980-åra byrja selskapet òg å gje ut kassettar med høg kvalitet og vinylar under namnet Ryko Analogue.

Rykodisc hadde suksess med nyutgjevingar på CD av artistar som Elvis Costello, David Bowie, Yoko Ono, Frank Zappa, Nine Inch Nails, Robert Wyatt, og Mission of Burma. Rykodisc har framleis rettane til katalogane til Zappa og Mission of Burma.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]