Rzav i Zlatibor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rzav
elv
Land Flag of Serbia.svg Serbia, Flag of Bosnia and Herzegovina.svg Bosnia-Hercegovina
Nedslagsfelt 605 km²
Lengd 72 km
Kjelde Čigota (Zlatibor, som Svarte Rzav), vest i Serbia
Munning Drina ved Višegrad i Republika Srpska i Bosnia-Hercegovina
Wikimedia Commons: Rzav River

Rzav (kyrillisk: Рзав) er ei elv vest i Serbia og aust i Republika Srpska i Bosnia-Hercegovina. Ho er ei 72 km lang sideelv til Drina frå høgre, og har sitt utspring frå dei to elvene Crni Rzav og Beli Rzav. Elva vert stundom kalla Veliki Rzav (kyrillisk: Велики Рзав; Store Rzav) eller Zlatiborski Rzav (kyrillisk: Златиборски Рзав; Rzav i Zlatibor).

Beli Rzav (kyrillisk: Бели Рзав; Kvite Rzav) er den kortaste av dei to kjeldeelvene til Rzav. Ho har sitt utspring på austsida av fjellet Zvijezda nær den bosniske grensa. Crni Rzav (kyrillisk: Црни Рзав; Svarte Rzav) er den lengste av dei to, og har sitt utspring i fjellet Čigota aust for fjellet Zlatibor. Etter desse to elvene renn i hop vert elva berre kalla Rzav. Ho munnar ut i Drina nær byen Višegrad.

Rzav har eit nedslagsområdet på 605 km², og høyrer til tilsigsområdet til Svartehavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]