São Tomé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå São Tomé (fleirtyding).
São Tomé
none Presidentpalasset i São Tomé
Presidentpalasset i São Tomé
flagg
Land Flag of Sao Tome and Principe.svg São Tomé og Príncipe
Distrikt Água Grande
Areal 17 km²
Folketal 49 957 (2001[1])
Wikimedia Commons: São Tomé

São Tomé er hovudstad og den største byen på øystaten São Tomé og Príncipe i Vest-Afrika. Han har rundt 50 000 innbyggjarar.

Byen blei grunnlagd av portugisarar i 1485, og er bygd opp kring ei domkyrkje frå 1500-talet. Ein annan tidleg bygning er Fort São Sebastião frå 1575 som i dag er nasjonalmuseet på São Tomé.

Taxiar i São Tomé.

São Tomé ligg på nordaustkysten av øya São Tomé, og er ein viktig lokal hamneby.[1] São Tomé internasjonale lufthamn ligg like utanfor byen.[1] São Tomé har også vegsamband med byane Trindade, Guadalupe og Santana.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «São Tomé», Encyclopædia Britannica (henta 7. april 2013)
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.