Sølifjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 65°39′9.4068″N 11°45′9.4500″E

Frå Sundsvoll mot Søla

Sølifjorden er ein fjord i Vega kommune i Nordland. Fjorden ligg mellom øya Vega i aust og Søla i vest. Fjorden strekkjer seg 8 km nordover til grenda Sundsvoll på Vega.

Sølifjorden startar ved Dyrholmen like vest for det sørvestlege hjørnet av Vega. Søla er ei nær sirkelforma øy med ei høgd som stig bratt opp til 432 meter over havet. Fugløyværet ligg like vest for den sørlege delen av fjorden.