Sørfjorden i Ranfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 66°10′19.790″N 13°42′51.736″E

Flyfoto av Sørfjorden islagd om vinteren, sett frå aust
Foto: Erlend Bjørtvedt

Sørfjorden er ein fjordarm av Ranfjorden i Hemnes kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 12 km søraustover til Bjerka i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Hattneset i sør og Skarpsundet i nord. Dei ytre delane av fjorden ligg på sørsida av Hemneshalvøya. Tettstaden Finneidfjord ligg på eidet som bind halvøya saman til fastlandet. Eidet er rundt 600 meter breitt og på andre sida ligg botn av Finneidfjorden, ein annan fjordarm av Ranfjorden. Sør for Finneidfjord går det nesten 1,5 km lange og smale neset Røssåauren ut i fjorden frå vestsida.

Bjerka ligg på austsida heilt inne i fjorden. Inst i fjorden munnar elva Røssåga ut. E6 går langs austsida av fjorden mellom Bjerka og Finneidfjord.