Hopp til innhald

Sørfjorden i Velfjorden

65°25′58.318″N 12°27′13.284″E / 65.43286611°N 12.45369000°E / 65.43286611; 12.45369000

Sørfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Brønnøy
Kart
Sørfjorden
65°25′58″N 12°27′13″E / 65.43286611°N 12.45369°E / 65.43286611; 12.45369

Sørfjorden er ein fjordarm av Velfjorden i Brønnøy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 10 km sørover til Høliaunet i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Vandalsvika i vest og Forholmbukta i aust. Bygda Seterlandet ligg på vestsida av fjorden eit stykke sørover. Lenger inne i fjorden ligg Velfjord på andre sida av fjorden. Her smalnar fjorden inn og her kryssar Riksveg 76 fjorden via ei 50 meter lang bru over Trongsundet. Fjorden held fram sørover til eit par gardsbruk inst i fjorden.