Hopp til innhald

Sørkoreansk won

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Verdiane av sørkoreansk won.

Won (₩ - wŏn koreansk 원) er namnet på valutaen som blir brukt i Sør-Korea. Valutakoden er KRW. 1 won tilsvarer 100 jeon (eller chŏn, koreansk 전).

Valutaen blei innført i 1962 i staden for den tidlegare hwanen, som i si tur erstatta gamal sørkoreansk won (1945-1953). Valutasymbolet er ₩.

Myntar finst i verdiane ₩10, ₩50, ₩100, ₩500 (samt ₩1 og ₩5, men desse er normalt ikkje i bruk). Setlar finst i verdiane ₩1000, ₩5000, ₩10000.

Sørkoreansk won vert utstedt av Sør-Koreas sentralbank.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]