SETI@home

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skjermspararutgåva av SETI@home, versjon 4.45

Seti@home(«SETI at home») er eit prosjekt som leiter etter radiosignal i verdsrommet, noko som kan tyda på at intelligent, utanomjordisk liv prøver å oppretta kontakt med jorda. Seti@home nyttar programvara BOINC, som nyttar distribuert databehandling over internett slik at friviljuge kan donera ubrukt datakraft på sine eigne datamaskiner til å leita etter interessante radiosignal.

Prosjektet nyttar Arecibo-observatoriet der ein tar opp 15,5 timar med data som vert sendt i posten til Space Sciences Laboratory, ved University of California, Berkeley som deler opptaka opp i einingar med data på rundt 107 sekund kvar, desse vert lasta opp på ein internett-tenar der klientprogrammet BOINC kan lasta ned data, analysera dei, og senda resultatet attende.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]