STRIPS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I kunstig intelligens er STRIPS eit automatisk planleggingssystem, utvikla av Richard Fikes og Nils Nilsson i 1971. Namnet står for (Stanford Research Institute Problem Solver), og vert nytta båe om planleggingssystemet og om det formelle språket som vert nytta i det.

Ved automatisk planlegging kan ein tenkje seg at ein må søkje gjennom skildringar av tilstandsrom. For å planleggje ein veg frå ein starttilstand til ein måltilstand må ein ha eit sett med handlingar som kan endre verdstilstanden. Handlingar kan skildrast vha. handlingsskjema, og i STRIPS korresponderer desse med STRIPS-reglar, som er generelle og har frie variablar. Ein STRIPS-regel med bundne variablar vert kalla ein STRIPS-operator.

Eit mål kan sjåast på som ei liste med sanne faktaklausuler. Ein STRIPS-regel inneheld ei liste med føresetnader (PC - Preconditions), som er dei faktaklausulane som må vere sanne i lista som skildrar verdstilstanden for at ein skal kunne nytte regelen (utføre handlinga), i tillegg til ei sletteliste (D - Delete list) og ei tilleggsliste (A - Add list) som gir dei klausulane som skal slettast og leggast til i skildringa av den nye verdstilstanden. I STRIPS-operatoren vil variablane i klausulane vere bundne, og kopla til faktiske objekt i verda.

Føresetnadslista kan sjåast på som ein måltilstand, altså ein konjunksjon av literalar, og dette vert utnytta i søket (dette kan samanliknast med resolusjonen utført i programmeringsspråket PROLOG).

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Nilsson, Nils J (1998). Artificial Intelligence: A New Synthesis. Morgan-Kaufmann:San Francisco, CA. ISBN 0-07-046573-8.
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.