Hopp til innhald

SVR

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
SVR

Skipadesember 1991
HovudkontorJasenevo
LeiarSergej Narysjkin
Tilsette13 000 Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttp://svr.gov.ru/ Sjå dette på Wikidata

Sluzjba vnesjnej razvedki (SVR, russisk Служба внешней разведки, 'Utanriksetterretningstenesta') er namnet til den primære eksterne etterretningsorganisasjonen til Russland.

SVR utvikla seg etter at KGB vart reorganisert etter at Sovjetunionen braut saman. I oktober 1991 overtok Tsentralnaja Sluzjba Razvedki (TsSR, 'sentral etterretningsteneste') etterretningsinnhentinga og analysen som før hadde sortert under det første hovuddirektoratet til KGB. I desember same året vart den tidlegare sjefen for dette direktoratet, Jevgenij Primakov, utnemnd til leiar for organisasjonen, som samstundes fekk det nye namnet SVR. SVR vart offisielt oppretta den 18. desember 1991.

Samansetjing[endre | endre wikiteksten]

  • Sjefen for SVR
    • Sjefens kanseli
    • Konsultgruppe
    • Kollegium
    • Første NK
    • Statssekretær
    • Presse og mediebyrå
    • NK personell
    • NK med ansvar for vitskapleg og teknisk etterretning
    • NK med ansvar for materiel-teknisk støtte
    • NK for etterretningsoperasjoner
      • Operasjonsleiing
      • Operativ avdeling
      • Avdeling for operativ støtte
      • Informatikkavdeling
      • Høgskulen i SVR
    • Analyse- og informasjonsavdeling
    • Avdeling for framande tryggingstenestar
    • Avdeling for økonomisk etterretning

Personell[endre | endre wikiteksten]

Personellet er ikkje ein del av dei væpna styrkene, men er likevel militært oppsette med militære grader og sivile tenesteklasser.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]