Saalach
Saalach | |||
elv | |||
Saalach nær Bad Reichenhall
| |||
Land | Austerrike, Tyskland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 043 km² | ||
Lengd | 103 km | ||
Kjelde | Kitzbühleralpane | ||
• høgd | 2 178 moh. | ||
Munning | Salzach ved Freilassing | ||
• høgd | 408 moh. | ||
Saalach 47°21′40″N 12°28′18″E / 47.3611°N 12.4717°E | |||
Wikimedia Commons: Saalach |
Saalach er ei elv som renn gjennom Austerrike og Tyskland, og er ei av sideelvene til Salzach. Ho har sitt utspring i den søraustlege fjellsida av Staffkogel i Kitzbühleralpane. Ho renn først som ei lite elv austover gjennom skisenteret i Saalbach-Hinterglemm før ho snur nordover ved Maishofen. Ho følgjer så ein brei dal til Saalfelden, og buktar seg gjennom den smale dalen mellom Leonganger og Loferer Steinberge, og frå Steinernes Meer til Lofer. Her går elva inn i eit smalt gjel, som er kjend for elverafting, før ho kryssar grensa til Bayern i Tyskland ved Melleck. Like før ho når Bad Reichenhall, renn ho ut i Saalachsee, ei demning som er laga for vasskraftproduksjon. Saalach renn ut frå fjellområda etter ho har passert Staufeneck og inn i eit flatt skogområde kalla Saalachau. Frå Piding og nordaustover renn elva 10 km langs grensa til Austerrike før ho renn ut i elva Salzach.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Saalach frå Engelsk Wikipedia .