Saalbach-Hinterglemm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsikt mot Saalbach og Hinterglemm

Saalbach-Hinterglemm er ein kommune i landskapet Pinzgau i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Kommunen har eit areal på 125,5 km² og knappe 2 900 ibuarar. Han består av landsbyane, kommunesenteret Saalbach (1003 moh) og den meir folkerike Hinterglemm (1040 moh) i dalen Glemmtal, som elva Saalach renn gjennom. Dalen er omkransa av høge fjell, med 2 249 moh høge Hochkogel i sør som det høgste. Den næraste byen, Zell am See, ligg 20 km unna.

Turisme er hovudnæring og tilbyr ca 17 000 gjestesenger. Heisanlegga i Saalbach-Hinterglemm og Legogang er kopla saman til eitt av dei største skiområda i Austerrike. 55 heiser gjev tilgang på 200 km med alpinløyper, kulebakkar, snøbrettparkar og halfpipes. 10 km med langrennsløyper er også lagde i området. VM i alpine greiner 1991 vart avvikla i Saalbach-Hinterglemm.

Fire gondolbaner er opne i sommarsesongen, dei gjev tilkomst til 400 km med stiar for fotturistar og terrengsyklistar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]