Sailor fuku
Utsjånad
(Omdirigert frå Sailor Fuku)

Sailor fuku, eller berre matrosdrakt på norsk, er ein vanleg skuleuniform som vert nytta av ungdomsskule- og vidaregåande elevar i Japan. Uniforma vart innført i skuleverket i 1920 ved Heian Jogakuin universitet[1] og i 1921 av rektoren på Fukuoka Jo Gakuin universitet,[2] Elizabeth Lee. Ho hadde utforma uniforma etter mønster av den uniforma som vart nytta av matrosar i den britiske marinen på den tida. Inspirasjonen hadde ho fått som utvekslingsstudent i Storbritannia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ http://www.tombow.gr.jp/uniform_museum/style/change07.html 女子生徒に洋装制服登場、大正モダン Arkivert 2009-06-09 ved Wayback Machine.
- ↑ «平安女学院(京都)と福岡女学院(福岡)の間で、セーラー服の起源を巡る論争が勃発!» (på japansk). 7. oktober 2007.
Denne kledeartikkelen som har med Japan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |