Salo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Salo kyrkje

Salo er ein by og ein kommune i landskapet Egentliga Finland i Finland. Kommunen har over 54 00 innbyggarar og eit areal på 2 168,3 km². Byen ligg 52 kilometer aust for Åbo og 112 kilometer vest for Helsingfors. Kommunen er finskspråkleg.

Salo har vore kjend for sin elektronikkindustri. Allereie frå 1920-talet var Salo ein elektonikk-stad, då ein byrja tilverke radioapparat. Noko seinare starta produksjonen av radiotelefonapparat og fjernsyns-apparat. Langt seinare byrja ein å lage mobiltelefonar. Gjennom mange år opplevde byen stor framgong på feltet, og største fabrikken til Nokia låg i Salo til hausten 2012, då produksjonen vart lagt ned.

Salo vart köping i 1887 og har hatt bystatus sidan 1960.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]