Saltgruva i Wieliczka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heile Kingakapellet i saltgruva er hogd ut or salt.

Saltgruva i Wieliczka (polsk Kopalnia soli Wieliczka) ligg under byen Wieliczka i det sørlege Polen. Ho har vore i drift sidan 1200-talet og er ei av verdas eldste saltgruver i kontinuerleg drift.

Gjennom meir enn sju hundre år har gruvearbeidarar hogd ut 2 040 underjordiske kammer i saltgruva. Gruva er delt i ni nivå, som strekker seg heilt til 327 meter under bakkenivå. Kubaturen til dette underjordiske landskapet er på omtrent 7,5 millionar kubikkmeter. Den samla lengda av gangar er over 300 kilometer, to kilometer er opne for turistar. Gruva har ein lang tradisjon med turisme. Årleg besøker om lag 1,2 millionar menneske gruva.

I 1978 vart saltgruva i Wieliczka eitt av dei tolv fyrste objekta som vart valde til å stå på UNESCO si nystifta verdsarvliste.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]