Saltoro Kangri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Saltoro Kangri til høgre

Saltoro Kangri er med sine 7 742 meter over havet den høgste fjelltoppen i Saltorofjella i Karakoram. Fjellet ligg i regionen Kashmir, på sørsida av Siachenbreen. Då Saltoro Kangri ligg langt frå folk og i eit konfliktområde mellom India og Pakistan, vert fjellet sjelden klatra. Saltoro Kangri II er ein 7 705 meter høg tvillingtopp til Saltoro Kangri, 880 m nord for denne. Skardhøgda er 225 m.

Eit britisk klatrelag tok seg opp til vel 7 450 meter i 1935. Toppen av Saltoro Kangri vart nådd fyrste gongen 24. juli 1962 av japanarane A. Saito, Y. Takamura og pakistanaren R.A. Bashir. Dei kleiv opp langs søraustegga. Sidan er toppen kliven ein einaste gong; i 1981.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]