Samordningsminister

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Samordningsminister er ein uoffisiell og ikkje-formell tittel, ofte nytta av media om personen som til ei kvar tid innehar posisjonen som statsråd og stabssjef ved Statsministerens kontor.

Ordet samordningsminister dukka første gong opp i media i samband med utnevninga av Karl Eirik Schjøtt-Pedersen som statsråd etter Stortingsvalet 2009.