Sander Sanderson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sander Sanderson (ca. 15501636) var ein skotte som slog seg ned i Hallingdal og vart skrivar og bondehovding der. Han var bufast i Hallingdal frå om lag 1590.

Sander var truleg fødd i Skottland, og kom til Noreg seint på 1500-talet. Det er mogleg han var utdanna i Danmark. Nokon meiner han og faren rømde frå Skottland i tida då Maria Stuart rådde, men det var omfattande uro i Skottland jamvel før Maria kom til makta.

Sander skal ha funne seg gifte i Hesjedalen, og var å finne i Hallingdal etter 1590. Her vart han kongeleg skrivar, og hadde omdøme som ein etterretteleg og skrivefør kar. Med tida slog han til seg fleire gardar, både i Hallingdal og i Sigdal, og vart bufast på garden Røo i Hol, der ætta etter han sat i mange ættledd. Sander døydde i Sigdal i 1636. Sonen Tomas Sanderson Røo tok over garden, og sidan sat ættmennene med namna Sander og Tomas annakvar gong. Sander Røo er truleg den mest kjende på den rake mannslina.

Sander-ætta[endre | endre wikiteksten]

Denne «Sander-ætta» vart òg gift inn i slektene på Mehus og Rygg i Kvisle, Hol, lett attkjennelege på det raude håret, som var rekna som eit skotsk slektsdrag. På Mehus var denne slekta kalla «skotto» i hundrar av år etter at Sander var daud. Namnet «Sander» har vore nytta i etterslekta heilt til denne dag.

Namnet Sanderson[endre | endre wikiteksten]

Etternamnet Sanderson er knytt til namnet Alexander, eit vanleg namn i klanen Macdonald, der Sanderson eller Sanders og er funne som tliknytta etternamn. Ein teori knyt difor Sander til denne klanen, mest truleg til Macdonald av Glengarry eller Clanranald. Desse slektene fekk bråk med kongen av Skottland i åra kring 1540. Noko beint slektsband har det ikkje vore råd å fastsetja.