Sandvikdalsfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sandvikdalsfjord er ein fjord på grensa mellom kommunane Kristiansand og Søgne. Han har innløp ved holmen Ryvingen, vest for Flekkerøy. Fjorden er nesten 4 km lang og smalnar raskt inn på veg nordover. Midt i den ytre delen av fjorden ligg lille og store Langøya. Den inste halvdelen av fjorden er smal og vert òg kalla Holskogkilen. Innløpet til kilen er om lag 80 meter breitt, men lenger inne er han rundt 30 meter på det smalaste. Riksveg 456 går langs store delar av vestsida av Sandvikdalsfjorden og Holskogkilen.