Hopp til innhald

Sandvollan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandvollan
stad
Land  Noreg
Kart
Sandvollan kommune
63°56′47″N 11°19′42″E / 63.946388888889°N 11.328333333333°E / 63.946388888889; 11.328333333333

Sandvollan er ei bygd i Nord-Trøndelag fylke, som ligg mellom Beitstadfjorden i nordvest og Borgenfjorden i søraust.

Sandvollan var eigen kommune frå 1907, først under namnet Hustad, frå 1912 Sandvollan. I 1962 vart Sandvollan saman med Røra innlemma i Inderøy kommune. Sandvollan sokn svarar til den tidlegare kommunen. Arealet var 28 km2, og folketalet var ved samanslåinga i overkant av 800. Bygda er prega av jord- og skogbruk. Hustad kyrkje i Sandvollan er frå om lag 1150. Vegstykket "Den gylne omveg" går gjennom Sandvollan. Like ved denne ligg Gangstad gårdsmeieri. Ved Gangstad er det også butikk. Tidlegare vart det drive handel både i Skjelvågen, og ved Heggstad, der også Hustad meieri (nedlagt i 1962) låg.

Sandvollan vart eiga herad i 1907 da det dåværande Inderøy herred vart delt i tre – Inderøy, Røra og Hustad. Hustad skifta namn til Sandvollan i 1912. Dei tre herada vart sameinte igjen i 1962. I 1950 hadde Sandvollan herad 816 innbyggarar og eit areal på 28 km².

Hustad kirke frå ca 1150 eies av Fortidsminneforeningen; den vart i 1887 erstatta av Heggstad kirke som sognekirke. Barneskolen i bygda ligger nær gamleskolen, forsamlingshuset, Heggstad kyrke og det tidligare Hustad meieri, etablert i 1877.

Søndag 21. april 1940 oppstod den første trefninga mellom britiske landstyrker og tyske soldatar under andre verdskrig i Noreg. Det skjedde ved Krogs gard på Hustadlandet i Inderøy. Harry Prike (21) og Ronald M. Smith (19) vart då dei første britane som mista livet i 2 verdskrig.[1]

Næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Dei største arbeidsgivarane på Sandvollan er Gangstad Gårdsysteri og Kastvollen rehabiliteringssenter. Gangstad vart i 1998 Norges første autoriserte gårdsysteri, og vant i 2023 tittelen verdas beste ost for sin Nidelven blå. [2]

Av anna næringsliv finst Gjørv gård som driv med oppdrett og sal av hjortekjøt, drive av Alexandra Bech Gjørv. Stian Westerhus produserer Sandvollan Cider på Bjørka gård[3]. Stuberg Ueno Keramikk, som er spesielt kjent for sine torsoar, produsera og selg keramikk.

Sandvollan skole er ein barneskole med ca 100 elever, ligg i gangavstand fra Gangstadhaugen boligfelt, og ca 3km frå Småland boligfelt. Her ligg og Sandvollan barnehage med 72 barn. Skoleområdet består av ein stor leikeplass, zip-line, kunstgressbane, sykkelløype, ballbinge, skateboardrampe, klatrevegg mm.[4]

Det finns inga høgare utdanningstilbod på Sandvollan. Næraste høgere utdanningstilbod finns på Mære landbruksskole i Steinkjer kommune, ca 2km unna.[5]

Lag og foreiningar

[endre | endre wikiteksten]
  • Sandvollan Idrettslag
  • Sandvollan Teaterlag
  • Sandvollan skolekorps
  • Dametrimmen
  • Musikklaget Lurlåt
  • Sandvollan Sanitetsforening
  • SwingInnom (West Coast swing)
  • Sandvollan bingo

Badestrand og fotballbane på det statleg verna friområdet Stornesøra. Skjelvvågen kai driver båtbrygge med vanntrampoline, stupetårn og kafè. Både stader har bobilparkering.[6]

Det finst friomåde for camping ved Venåstjønna med godt tilrettelagt gapahuk ved eit fiskevatn, ellers finst det andre overnattingsstader langs Den Gyldne Omvei.[7]

  1. «After the battle [krigsminnestatue Hustad]», www.steinkjerleksikonet.no, henta 2025-11-18
  2. «Gangstad Gårdsysteri vinner Oste-VM - Oi! Mat og Drikke», oimat.no (på norsk bokmål), henta 2025-11-18
  3. Lie, Øystein (2021-04-15), «Sider fra over 100 år gamle epletrær på Inderøy havnet på Michelin-meny», www.dn.no (på norsk), henta 2025-11-18
  4. «Sandvollan skole - Inderøy kommune», www.inderoy.kommune.no, henta 2025-11-18
  5. «Mære landbruksskole», web.trondelagfylke.no (på norsk bokmål), henta 2025-11-18
  6. Skjelvågen kai og båtforening (på norsk bokmål), henta 2025-11-18
  7. «Den Gyldne Omvei - Mat, kunst & kultur i Inderøy», Den Gyldne Omvei (på norsk bokmål), henta 2025-11-18