Sandy Hook-massakren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Politistyrkar ved Sandy Hook-barneskulen etter skytinga

Sandy Hook-massakren var ein skulemassakre som fann stad 14. desember 2012 på barneskulen Sandy Hook Elementary School i Newtown i Connecticut i USA. 20 born og seks vaksne vart drepne av Adam Lanza, som skal ha skote seg sjølv til daude etter skytinga.

Adam Lanza var 20 år gamal ved tidspunktet for massakren og skaut og drap mor si om morgonen før han han gjekk til åtak på barneskulen. Han var sjølv tidlegare elev ved skulen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]