Sankt Andrä

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Soknekyrkja i Sankt Andrä vart bygt i 1859

Sankt Andrä (slovensk Šentandraž v Labotski dolini) er ein by og ein kommune i distriktet Wolfsberg i forbundslandet Kärnten i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 113,6 km² og 10 000 ibuarar (2017). Byen ligg i eit kupert jordbrukslandskap 430 meter over havet, åtte kilometer sør om distriktssenteret Wolfsberg. Nord og aust i kommunen ris eit fjellandskap som toppar seg i Großer Speikkogel på 2 140 meter over havet.

Arbeidsstyrken i Sankt Andrä er for ein stor del sysselsett i varehandelen, byggenæringa og ymse slags industri. Også landbruk er ei viktig næring, samstundes som turismen er ei veksande inntektskjelde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]