Sant'Elena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sant'Elena-kyrkja
Stadio Pierluigi Penzo

Sant'Elena er ei øy i Veneziabukta i Italia. Ho ligg aust for sjølve Venezia og dannar ein del av bydelen Castello. Midt på øya ligg Sant'Elena-kyrkja og det tilhøyrande klosteret, bygd på 1100-talet og ombygd på 1400-talet.

Øya har sidan den gong vorte utvida for å fylle sundet mellom øya og Venezia og er i dag forbunde til byen via tre bruer. Her ligg Rimembranze Park, ein sjømannsskule og fotballstadionet Stadio Pierluigi Penzo, i tillegg til bustadhus.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 45°25′38″N 12°21′54″E