Venezia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Venezia
Horisonten til Venezia
Horisonten til Venezia
Plassering
Venezia is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Veneto
Venezia
Borgarmeister Luigi Brugnaro
Geografi
Flatevidd
 - By

412 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2004)
   - folketettleik

271 251
  646/km²
Koordinatar 45°26′″N 12°19′″EKoordinatar: 45°26′″N 12°19′″E
Høgd over havet 0 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 30100
Telefon-retningsnummer 041
Nettstad: www.comune.venezia.it

Venezia (venetiansk Venezsia, latin Venetia, tysk, dansk, svensk og historisk norsk: Venedig) er ein italiensk by som ligg inst i Adriahavet. Venezia er kjent for dei mange kanalane sine, arkitekturen sin og historia si. Han er hovudstad i provinsen Venezia i regionen Veneto og har om lag 270 000 innbyggjarar. I lag med Padova dannar han storbyområdet Padova-Venezia med om lag 1,6 millionar innbyggjarar. Venezia har vorte kalla «Dronninga av Adriahavet», «Vatnet sin by», «Bruene sin by» og «Lyset sin by».

Byen strekkjer seg over 117 små øyer i den myrlendte Venezialagunen og Adriahavet nordaust i Italia. Saltvasslagunen strekkjer seg langs kysten mellom munningen til elva Po (sør) og elva Piave i nord.

Rundt 60 000 bur i den historiske delen av byen (Centro storico); 176 000 i Terraferma (fastlandet), og 31 000 på andre øyar i lagunen.

Republikken Venezia var ein mektig maritim stat som varte i nesten tusen år. Han var utgangsposisjon for det fjerde krosstoget og eit viktig handelssenter (særleg silke, korn og krydder) og eit kunstsenter frå renessansen og fram til slutten av 1600-talet.

Nokre av de mest kjende landemerka i Venezia er Dogepalasset, Ponte dei Sospiri (‘Sukkebrua’), Markusplassen og Markuskatedralen. Ifylgje tradisjonen hyser Markuskatedralen leivningane etter evangelisten Markus, som er vernehelgen for byen, og evangelistsymbolet for han, løva med venger, er òg symbolet for byen og for den tidlegare Republikken Venezia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavet[endre | endre wikiteksten]

Plasseringa til Venezia og Venezialagunen

Ein har ikkje sikre kjelder om korleis Venezia oppstod, men dei fleste spora ein har tyder på at dei opphavlege innbyggjarane flykta frå romerske byar som Padova, Aquileia, Altino og Concordia (i dag Portogruaro) og dei barbariske invasjonane.[1]

I 166-168 evt. øydela kvadarar og markomannarar senteret i området, dagens Oderzo. Dei romerske byane vart igjen erobra tidleg på 400-talet av vestgotarar, og femti år seinare av hunarane under Attila. Til slutt erobra langobardane området i 568. Då hadde Austromarriket berre att ei smal kyststripe i dagens Veneto og det vart bygd festningsverk for å forsvare stadane her. Det vart bygd nye hamner, inkludert dei i Malamocco og Torcello i Venezialagunen.

Austromarane vart stort sett eliminert i sentrale og nordlege delar av Italia då Aistulf i 751 erobra Eksarkatet Ravenna. I denne perioden var setet til den lokale austromerske guvernøren («hertugen», og seinare «doge») låg i Malamocco. Busetnadane på øyane i lagunen voks truleg i takt med langobardane sine erobringar av austromerske område.

I 775-776 vart bispsesetet Olivolo (Helipolis) oppretta. Under regjeringstida til hertug Agnello Particiaco (811-827) vart hertugsetet flytta frå Malamocco til den godt verna øya Rialto, som Venezia dag ligg på. Klosteret St. Zakarias og det første hertugpalasset og Markuskyrkja vart så bygd her.

I 828 henta venetianarane leivningane av Markus frå Alexandria til byen og plasserte dei i den nye kyrkja. Patriarksetet vart òg flytta til Rialto. Samstundes med at samfunnet utvikla seg og makta til austromarane var svekka, oppstod det ei auka rørsle som var mot austromarane, og dette førte til slutt til autonomi og til slutt fullstendig sjølvstende.

Piazza San Marco, Markusplassen, i Venezia.
Desse Markushestane er ein kopi av Triumphal Quadriga som vart tatt frå Konstantinopel i 1204 og ført til Venezia som eit trofé.

Republikken Venezia[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Republikken Venezia.

Republikken Venezia (italiensk Serenissima Repubblica di Venezia, venetiansk Republica de Venesia) var ein italiensk stat som sprang opp rundt byen Venezia. Han eksisterte i over tusen år, frå byrjinga av 700-talet til slutten av 1700-talet.

Den strategiske plasseringa til byen gjorde at byen og republikken voks rast fram som eit stort handelssenter og dreiv handel mellom Vest-Europa og resten av verda (særleg Austromarriket og den islamske verda). På 1100-talet tok Venezia austkysten av Adriahavet, stort sett av handelsmessige årsaker fordi sjørøvarar frå området plyndra skipa deira. Etter kvart erobra venetianarane og område vestover i Nord-Italia og hadde område forbi Gardasjøen og heilt til elva Adda. Nedover austkysten av Adriahavet styrte Venezia over Istria og Dalmatia, og etter kvart fekk Republikken kontroll over dei fleste øyane i Egearhavet, i tillegg til Kypros og Kreta.

Venezia sine skip førte krossfararane til Konstantinopel i 1204 og var med på den store omleiringa og erobringa av byen, som til slutt førte til Austromarriket sitt fall i 1453, då Det osmanske riket tok restane av riket.

Under svartedauen vart innbyggjarane i Venezia, relativt sett, lite plaga. Leiarane i byen innførte strenge reglar for karantenetid før ein fekk koma inn i byen. Ordet karantene kjem frå italiensk og tyder 40 dagar (it.quarantèna), karantenetida til Venezia.

I 1630 vart derimot Venezia likevel råka av ein pest som tok livet av nærare ein tredjedel av dei 150 000 innbyggjarane. Venezia vart mindre viktig på det internasjonale marknaden då Portugal etter kvart vart det førande handelssenteret. Samstundes kjempa Frankrike og Spania om makta i Italia under dei italienske krigane, og Venezia fekk etter kvart lite politisk makt.

Etter 1070 år mista byen sjølvstende sitt då Napoleon Bonaparte den 12. mai 1797 erobra Venezia under den første koalisjonen.

Det moderne Venezia[endre | endre wikiteksten]

Video av Venezia

Venezia kom inn under Det austerrikske riket etter Campo Formio-traktaten i 1797 og austerrikarane tok kontroll over byen 18. januar 1798. I 1805, etter Pressburg-traktaten, mista Austerrike byen og han vart ein del av Napoelon sitt italienske kongedøme. Etter napoleonskrigane i 1814 kom byen tilbake til Austerrike og vart ein del av det austerrikske kongedømet Lombardia-Venetia. I 1866, etter sjuvekerskrigen vart Venezia i lag med resten av Veneto, ein del av kongedømet Italia.

Etter 1797 forfall store delar av byen og mange gamle palass og andre bygningar vart så falleferdige at dei ikkje kunne reparerast, men Lido vart ein populær ferieby seint på 1800-talet med fine sandstrender.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Venezia er verdskjend for kanalane sine. Han er bygd på ei øygruppe av 117 øyar danna av om lag 150 kanalar i ein grunn lagune. Sentrum av byen har om kring 400 bruer. I det gamle senteret fungerer kanalane som transportårer og all transport her føregår til sjøs eller til fots. Venezia har det største bilfrie byområdet i Europa.

Den klassiske venetianske båten er gondolen, som i dag stort sett vert nytta til å frakte turistar, eller for bryllaup, gravferder og andre seremoniar. Dei fleste venetianarane reiser i dag med motoriserte vassbussar (vaporetti) som har faste ruter langs dei store kanalane eller mellom øyane. Byen har òg mange private båtar. Dei einaste gondolane som venetianarane nyttar til vanleg er dei såkalla traghetti, ferjer for gåande som kryssar Grand Canal på visse stader der det ikkje er bruer.

Marco Polo internasjonale lufthamn ligg på fastlandet og ligg berre sju minutt med vassbuss unna byen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

«Sukkenes bro»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Venezia
Reiseguide for Venezia frå Wikivoyage

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bosio, Le origini di Venezia