Sara Eva Johnsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sara Johnsen)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sara Eva Johnsen
Fødd 4. mars 1970
Nes
Yrke filmregissør, manusforfattar

Sara Eva Johnsen (fødd 4. mars 1970 i Oslo) er ein norsk filmregissør og forfattar frå Nes i Ådal.

Ho har utdanning innan litteraturvitskap og media, og tok deretter utdanning frå regilinja på Den norske filmskolen i åra 1997 til 2000.

Johnsen er utdanna filmregissør. Ho debuterte som langfilmregissør i 2005 med den kritikarroste Vinterkyss, norsk kandidat til Oscar og Nordisk Råds filmpris same år.

Den siste filmen hennar er Upperdog som hadde premiere i august 2009. Upperdog hadde eit totalbudsjett på 19 millionar kroner. Upperdog vart kåra til beste norske kinofilm på utdelinga av Amandaprisen i 2010. I tillegg vann Johnsen Amandaprisen for beste regi, av nettopp Upperdog. I alt vart fem prisar vunne av filmen i ulike sjangrar dette året.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Han vet om noe hun kan prøve – noveller (2004)
  • White man – roman (2008)

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]