Sara Lundberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sara Lundberg

Statsborgarskap Sverige
Fødd 18. mai 1971 (52 år)
Yrke illustratør, forfattar
Sara Lundberg på Commons

Sara Caroline Lundberg (fødd 18. mai 1971) er ein svensk illustratør og forfattar.[1] Boka hennar Vita Streck och Öjvind (2011) var nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2013.[2]

Sara Lundberg har utdanninga si frå McDaniel College i Westminster i Maryland i USA. Ho har kandidateksamen i teater og kunst derfrå i 1994, deretter studerte ho på Konstfack i Stockholm til 2000 og på Kungliga Konsthögskolan i Stockholm til 2008.

I 2009 vann ho Augustpriset[3] for boka Skriv om och om igen saman med Ylva Karlsson, Katarina Kuick och Lilian Bäckman. Same året debuterte ho som forfattar med biletboka Vita Streck, utgjeve av Alfabeta förlag. Vita Streck och Öjvind vart nominert til Augustpriset i barne- og ungdomsklassen i 2011.

Bibliografi i utval[endre | endre wikiteksten]

  • 2013 - Öjvind och världens ände
  • 2011 - Vita Streck och Öjvind
  • 2011 - Emblas universum
  • 2010 - Sommar
  • 2009 - Skriv om och om igen
  • 2009 - Vita Streck

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 2009 - Augustpriset
  • 2012 - Elsa Beskow-plaketten
  • 2013 - Expressens Heffaklump

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nationalmuseum - Sara Lundberg Sara Lundberg», emp-web-84.zetcom.ch, henta 19. november 2021 
  2. «Sara Lundberg hos norden.org». Arkivert frå originalen 6. november 2013. Henta 3. november 2013. 
  3. Augustpriset 2009, arkivert frå originalen 24. april 2011, henta 19. november 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sara Lundberg