Sarah av York

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sarah av York
Sarah Ferguson in Leeds 2008.jpg
FøddSarah Margaret Ferguson
15. oktober 1959
London i Stobritannia
TittelHertuginne av York
Alle titlarHertuginne av York (1986–i dag)
AliasFergie
Hus eller slektWindsor
LandStorbritannia
MorSusan Mary Wright
FarRonald Ferguson
EktefelleAndrew av York (1986–1996)
BarnBeatrice av York, Eugenie av York

Sarah (fødd Sarah Margaret Ferguson15. oktober 1959), kjend som Fergie, er den tidlegare kona til hertug Andrew av York.

Ho vart fødd som Sarah Margaret Ferguson, og er dotter av Ronald Ferguson og hans fyrste kone, Susan Mary Wright. Ho vert ofte kalla «Fergie», eit kallenamn ho har fått på grunn av sitt pikenamn, Ferguson. Ho har aristokratisk bakgrunn, og er gjennom sin farmor slektning av hertuginne Alice av Gloucester, som er ei tante av dronning Elizabeth II av Storbritannia.

23. juli 1986 gifta ho seg med prins Andrew. Han fekk tittelen Hertug av York og Sarah vart titulert Den høgvørde hertuginna av York. Paret vart skilt i 1996, og Sarah mista tiltaleformen Den høgvørde og vart degradert til hertuginne Sarah av York.

Hertugparet av York fekk to born i sitt ekteskap:

Etter skilsmissen har Sarah mellom anna vore programleiar for sitt eige talkshow. Ho har òg skrive ein sjølvbiografi, My story, pg ein serie barnebøker om «Budgie».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]