Saros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Saros er ein periode på 6585,32 dagar (18 år, 111/3 dag) som ein måne- eller solformørking gjentar seg, med forskyving vestover på 120 lengdegrader (på grunn av brøken 0,32). Dette tidsrommet omfattar 223 synodiske månader (= 6585,32 dagar), og òg 242 drakoniske månader (= 6585,36 dagar). Månen vender derfor etter forløpet av ein saros tilbake til omtrent same stilling i forhold til jorda, sola og knutane til månebanen, slik at vilkåret for formørking igjen blir nesten den same.

Ei rekkje formørkingar som tilhører same saros, vart kalla ein formørkingsfamilie. Ei svak, kontinuerleg forskyving i breidde set ei grense for talet på formørkingar i éin familie. Ei rekkje solformørkingar inneheld ca. 70 (av desse kring 45 totale eller ringforma), med ei lengd på kring 1200 år. Ein serie måneformørkingar inneheld kring 50, med ei lengd på 800 år. Saros var kjent alt av kaldearane 500-talet fvt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Saros. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014 frå http://snl.no/saros.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]